PodcastsHistorieTru og meining i gammal tid

Tru og meining i gammal tid

Eldar Heide
Tru og meining i gammal tid
Seneste episode

109 episoder

  • Tru og meining i gammal tid

    109. Baldermyten – sentral og tungforståeleg. Samtale med formidlar Karen Bek-Pedersen

    26.02.2026 | 1 t. 33 min.
    Baldermyten er blant dei mest sentrale i norrøn mytologi. Balder er guden som døyr. Han gjer ikkje så mykje anna. Forskarane har tolka myten i mange retningar. Var Balder Kristus? Var han Odin? Var han sommarvegetasjonen som visnar om hausten? Handlar myten om hemn innan familien? Er det eit innviingsritual? Og kva er poenget med mistelteinen, som Balder blir drepen med? Når vi kjem over på spørsmålet om kva Balder representerer, blir det ein samtale om grunnidear i norrøn mytologi og kva religion grunnleggjande sett er.
  • Tru og meining i gammal tid

    108. Frøy – fruktbarheitsgud, vernande konge eller begge delar? Samtale med religionshistorikar Olof Sundqvist

    12.02.2026 | 1 t. 37 min.
    Frøy var ein av dei viktigaste gudane i norrøn mytologi. Han blir tradisjonelt tolka som ein nokså reindyrka fruktbarheitsgud, ein som sikra god avling og velstand i samfunnet, med sterk interesse for sengehygge. Nyare forsking peikar på at Frøy hadde fleire sider, der herskargjerninga står sentralt, med krig og vern av lov, rett og kosmisk ordning. Javel, men kva har dette å gjera med intim omgang og vekst i planteriket?
  • Tru og meining i gammal tid

    107. Kva er poenget med namnegransking? Samtale med namnegranskar og språkhistorikar Kristin Bakken

    29.01.2026 | 1 t. 27 min.
    Kva er poenget med namnegransking? For å svara på det, må vi seia litt om kva namnegransking går ut på, men særleg må vi skissere korleis den og den namnegranskaren har jobba og tenkt – frå faget oppstod i andre halvdel av 1800-talet. Det blir ein del vitskapsteori, det blir ein del om haldninga til historiske disiplinar i humaniora i dag, og det blir ein del om stadnamn som kjelde til mentalitet i gammal tid. Ikkje minst blir det nokrepersonlege vitnemål.
  • Tru og meining i gammal tid

    106. Ganding i nordnorsk samtidskultur. Samtale med folklorist Stein Roar Mathisen

    15.01.2026 | 1 t. 1 min.
    I Trøndelag og Nord-Noreg er det mange enno som kjenner ein tradisjon om ganding, eller å gande. Det er noko samane driv med, tenkjer ein seg. Dagens tradisjon er utvikla frå den norrøne som vi snakka om  i episode 80. Men i vår tid har han teke ei heilt anna vending, som vi kan følgje i media dei siste tiåra. Det dreiar seg om å kaste vondt over, å få att tjuvgods, om inngrupper og utgrupper, og omvende maktrelasjonar.
  • Tru og meining i gammal tid

    105. Mote i gammal tid. Samtale med arkeolog Espen Kutschera og etnolog Lena Eikeland Kutschera

    01.01.2026 | 1 t. 33 min.
    Var det mote i steinalderen? Korleis skifta moten gjennom dei ulike periodane i gammal tid? Kva dreiv utviklinga gjennom dei tusenåra vi kan følgje? Var det berre eit spørsmål om betre idear og betre teknikkar? Eller kledde folk seg ufunksjonelt fordi dei meinte det såg stilig ut? – slik vi gjer i dag? Korleis fungerer klesdrakter frå førhistorisk tid for eit moderne menneske som prøver? Kva motiverer den som har smarttelefon til å drive med sånt?
     
    Innspela i Fana 10. desember 2025.

Flere Historie podcasts

Om Tru og meining i gammal tid

Korleis skapte folk i Norden meining i livet og universet før kristendom, naturvitskap og psykologi? Kjernetema er norrøn religion, samisk religion og folketru, gjerne med eksistensiell vinkling, med sveip innom sånt som førmoderne pedagogikk, stadnamn og navigasjon. Vi held oss tett på kjelder og forsking. Eg, Eldar Heide, er professor i norsk ved Høgskulen på Vestlandet og doktor i norrøn filologi. [email protected] Frå juli/august 2025 blir publisering torsdagar kl 06, med høve til å betala for tidleg tilgang, sundagar kl 18. I så fall: https://www.patreon.com/c/truogmeining
Podcast-websted

Lyt til Tru og meining i gammal tid, Kampen om historien og mange andre podcasts fra hele verden med radio.dk-appen

Hent den gratis radio.dk-app

  • Bogmærke stationer og podcasts
  • Stream via Wi-Fi eller Bluetooth
  • Understøtter Carplay & Android Auto
  • Mange andre app-funktioner
Social
v8.7.2 | © 2007-2026 radio.de GmbH
Generated: 3/7/2026 - 7:07:44 AM